Du har sikkert høyrt den før; "Det fins to typar folk, dei som ser eit glass (eller ei flaske) og seier at det er halvtomt, og dei som seier at det er halvfullt"... Altså, er du den positive og optimsitiske typen, eller den skeptiske og negative som stort sett ser problem forut.
Det er sjølvsagt ikkje så enkelt, dei fleste av oss er litt på begge sider, avhengig av ei rekkje forhold som vi ikkje styrer heilt sjølve.
Stress
Så når eg skriv om viljestyrt livsstil, er det sjølvsagt med visse moderasjonar. Ting skjer i livet som ein ikkje har kontroll på. Og så må ein prioritere. Men det rare er at sjølv om ein kanskje legg opp til eit close race av og til, altså at det er for tett med oppgåver og aktivitetar, så er det ikkje alltid at ein direkte tek skade av det. Det er noko som heiter "positivt stress" også. Det handlar vel om å ha akkurat passe med krav og forventningar på seg. Når eg finn plass til å trene på ein dag og kveld som i utgangspunktet var fullstappa, viser det seg at det faktisk var bra. Fysisk aktivitet fremjar positivitet og glede. Og eg blir ikkje meir sliten, men får energi av det! Heilt sant. Difor trur eg litt "stress" er bra. Og at det er langt mindre sunt å legge seg på sofaen når ein kjem frå jobb, sjå tv og "slappe av" resten av kvelden. Vel å merke viss det skjer kvar kveld.
Å sortere
Har vi det eigentleg så ekstremt travelt heile tida? Eller er det litt slik at vi lar oss lett avspore og føler at det skjer noko heile tida. Det er viktig å lære seg å styre tidsbruken sin. Facebook spesielt og nettet generelt er tidstjuvar. Viss ein er glad i å kommunisere er det lett å bli slukt. Kaffisludring hos naboen kan også vere tidstjuv. For all del; besøk naboen og drikk kaffi! Men viss du eigentleg skulle gjort noko heilt anna er det kanskje ikkje lurt å sitte der heile kvelden, med mindre de har noko svært meiningsfylt føre dykk
Ansvar
Poenget er; vi bestemmer sjølv! Det er blitt ein utprega tilstand i vår tid å legge skulda på andre for ei rekkje ting som skjer med oss. Vi som er foreldre har ei formidabel oppgåve med å formidle ansvar til våre håpefulle; ansvar for seg sjølv og det ein eig, ansvar for andre, ansvar for materielle verdiar (jamfør hærverk, sjå Firda denne veka) og ansvar for å leve. Kanskje filosofi burde inn på barneskulen?
onsdag 4. november 2009
tirsdag 13. oktober 2009
Den gode vilje
Ein venn sa eingong at vi kan styre det meste i livet med viljen vår. Eg har tenkt eindel på det han sa, og er igrunnen ganske enig. Det vil seie i forhold til mitt eige liv og mine erfaringar. Det er farlig å generalisere og belære andre om korleis dei kan og bør leve. Det uforutsette rammar av og til hardt og då hjelper det ikkje kor sterkt ein vil det annerleis. Men det er godt å få kontroll over det ein kan ha kontroll på, som matinntak, fysisk aktivitet og livsstil.Yoga
Det er fint å roe ned med yogaøvingar midt i ein stressande kvardag. Du gjer øvingane fredeleg, sakte og mediterande. Godt å ha fokus på få ting, som pusten og det å tøye. Det starta som eit innfall. Eg lånte ein instruksjons-dvd på biblioteket, og fekk sansen. Så dette kjem eg til å halde fram med! Eg er ikkje nyfrelst helsefreak om nokon skulle tru det, men eg er påverka og vil noko nytt, noko eg ikkje har villa før.
Haldningar og vilje
Eg trur ei haldningsendring berre kan kome når ein er mottakeleg for å la seg påverke. Når ein er open for endring. Eg huskar reaksjonar eg har fått i klasserommet når eg har vist døme på offentlege informasjonskampanjar som skulle påverke ungdom. Til dømes "Piracy is a crime" kampanjen. Det var tidvis totalslakt av både formidlingsform og bodskap. Ungdommane har ikkje vore mottaklege.
Sjølv har eg ikkje lete meg påverke (trur eg) av massive reklamekampanjar for ulike produkt, fordi eg har ikkje lyst, vil ikkje, ha eit slikt konsum og ein slik livsstil reklamen dyrkar. Og når hordar av "jenter" set klistra foran tv-en og ser "Sex og singelliv" eller liknande medieprodukt, står eg på sidelinja. Ikkje mottakleg, vil ikkje la meg dra med i den bølga. Men eg er definitivt påverka av helsetrenden, det å ta tak i eiga helse og jobbe for ein sunnare livsstil. For det ville eg. Og då var det ikkje så vanskeleg heller.
mandag 5. oktober 2009
Lisbet Salander - og litt anna
No skal eg snakke om kropp, sinte damer og NRK. Og eh, ja... fysisk aktivitet, som jo er tema for denne bloggen for tida.Eg er ein ihuga radiolyttar. Sidan det er fastslått at eg har ein mental alder som ein 25-åring (!) høyrer eg på P3 - for deg som føler at du er mellom 15 og 30 år. Så det så! Akkurat no spelar dei Moby forresten, ein gammal favoritt. Og kanalen byr på 70% musikk og 30% prat, ny musikk, aktualiteter og ny humor. Masse humor!
Men nå skulle ikkje eg lage ein hyllest til P3, men ei innleiing til eit blogginnlegg som eigentleg skal handle om noko heilt anna. Og før eg kjem til saken, må eg berre seie at eg er, og blir, meir glad i NRK enn noko anna mediekonsern her til lands, slik er det berre! Dei leverer kvalitet, enkelt og greitt.
SÅ til saken; på badet mitt, der radioen er innstilt på P3 når lyset er på (!), i formiddag, overhørte eg ein vittig liten samtale mellom programleiarane.
Vårt eige program!
Det handla om damer som er "liten og nett", fordi dei hadde hatt med ei jente i ei konkurranse tidlegare i programmet, som visstnok skulle vere liten og nett. Ho skulle få ein tunika i premie, men programleiarane funderte vel og lenge om det var passe størrelse dei hadde til denne jenta. Så gikk det over til å handle om små jenter generelt og Lisbet Salander spesielt. Dei lurte på om det egentlig fantes så mange damer av den størrelsen, og så begynte dei å få sms... Frå mange små damer. Tilslutt konkluderte dei med å dedisere sendinga til jenter/damer på Lisbet Salander-størrelse.
På det tidspunktet var eg blitt ein aktiv radiolyttar (radio er eit sekundærmedium som du lyttar til ved sidan av å utføre anna aktivitet som å køyre bil = passiv lytting) - og ganske fornøgd var eg også. Det var liksom eit lite løft i kvardagen for slike som meg, og det treng vi ... eh, småvokste. Å vere under 160 er nemlig ikkje berre-berre i løpet av eit langt liv. I store forsamlingar, som konsert på Valle Hovin o.l. er du stort sett fortapt, med mindre du har ein veldig god venn som du kan sitte på skuldra til. Men når ein har passert førti bør ein kanskje ikkje håpe på slik service lenger, og ikkje vil det ta seg særlig godt ut heller. For tjue år sidan, ja, men ikkje når du er middelaldrande som eg har høyrt nokon seie at eg er.
Ny standard
Det er forøvrig ein grunn til at mange av oss "lave" er kjente for høghæla fottøy. Men det verste er kanskje at enkelte (menn) vi møter set likskapsteikn mellom høgde og respekt. Å vere lav inneber at dei fleste senkar blikket og kanskje til og med smiler litt når dei ser på deg. Du er ufarleg og litt søt. Eg har møtt slike, mellom anna då eg jobba som journalist. Ikkje spesielt sympatisk.
Bra då at små, sinte damer set ny standard. Lisbet Salander er ein helt for oss små kvinner. Ingen kan kalle henne ufarlig. Røykinga hennar er kanskje ikkje så bra, men kampsport det kan dama!
Ein av dei aktive
Ellers i dag har eg funne ut at eg sannsynlegvis kan kalle meg "fysisk aktiv", i følge tv-programmet Puls (NRK ja), som har gitt alle oss wannabe sporty ein liten støkk i dag. Det er nemleg strengare kriterier enn ein skulle anta for å kunne titulere seg som fysisk aktiv. Det vart mellom anna peika på at dei fleste av oss køyrer til jobb og sit mykje på rumpa gjennom arbeidsdagen.
I følge amerikanske forskerar (seriøst!) er berre 2 av 10 nordmenn eigentleg fysisk aktive. Men, eg har finrekna og kome til at eg truleg kjem akkurat innanfor grensa, med 3-5 treningsdagar i veka. Puh! Det ville vore skikkeleg nedtur om eg hadde fått stempelet inaktiv no. Det er eg i alle fall ikkje, ærlig talt Puls. Og heldigvis er det for langt for meg å gå eller sykle til jobben. Hallo, det er 22 km! Nokre unnskyldningar må ein få lov å behalde. Eg har tross alt trena to timar i dag :-)
søndag 4. oktober 2009
Varaiasjonar over eit tema
Eg har høyrt at variasjon skal vere bra. Ja, no snakkar eg framleis om fysisk aktivitet, i tilfelle nokon skulle vere i tvil. Sidan joggeturen min for ei veke sidan neppe kan kallast ein suksess (det var greitt nok, men gud så kjedeleg), så famlar eg meg vidare i trimlandskapet. I dag vart det den svært milde formen for trening, nemleg svømming.
Behageleg og rolig. Vel, i alle fall så lenge ein held seg unna den delen av bassenget der det er fritt fram for 11-13 år gamle gutar å herje på uten omsyn til at det er andre i bassenget. På ein vegg står eit skilt som eg trur badevaktene med fordel kan skru ned, sidan ordlyden er at det ikkje er lov å stupe eller hoppe frå langsidene i bassenget.
For ingen bryr seg om denne regelen, ser det ut til. Så eg svømte sikksakk mellom andre badande og kjente kroppen mjukne litt. Og så smelta eg enno litt til i badstua etterpå. Eg reknar det som førebygging. Med reumatikerforeldre er det nok greitt å tenkje litt på denslags etterkvart. Høgre skulder og nakken hadde i alle fall litt glede av svømminga i Førdehuset.
Veit jo at dette ikkje var den mest effektive treningsøkta eg har hatt, men det passa seg sånn i dag. Førdehuset er forresten ein stad eg har meir og meir glede av. Moderne bibliotek har "alt", mellom anna fann eg ein Yoga-instruksjons dvd, så i kveld blir det yoga også. På veg heim frå svømminga kom ein av mine gamle favorittar på radioen, U2 sin "I still haven't found what I'm looking for". Kan det bli betre!

lørdag 26. september 2009
Wannabe sporty
I mitt 40 årslag, som skriv seg litt tilbake i tid (men ikkje mykje), heldt ei av mine ellers høgt verdsette storesøstre (eg har to av dei) tale. I løpet av hennar tidvise utleverande og nådelause anekdoter frå forlengst tilbakelagte tider, kom den knusande karakteristrikken "Anne er wannabe sporty. Sjølvsagt avstedkom kommentaren allmenn munterheit i forsamlinga. Og underteikna? Forbante (i all stillheit) meg på at DEN skulle ho jaggu få bite i seg ein vakker dag!
Ergometersykkel?
Ein kollega av meg, som forøvrig er ein utmerket person, med høg dannelsesfaktor (ja, eg er litt hekta på dannelse), fortalte tidlegare i veka at han har ein ergometersykkel i stova som han sit og trør på medan han ser tv. Men det var visst blitt litt lite av det etterkvart, for det var så kjedeleg. Det kan eg levande forestille meg. Sjølv har eg rett og slett ikkje disiplin til å styre noko som helst treningsaktivitet i eiga stove.
Foto: På veg til Skåla i august 2008. Den sommaren og hausten vart det mange turar i skog og mark, i år har det vore lite. Først og fremst på gunn av veret. Desto meir innetrening.
Fredagsdans
- Kvifor må du gå ut og trene mamma, kan du ikkje berre gjere dei same øvelsane her heime, spurte ein av mine håpefulle. Han har fått ein viss insikt i kva friskis og svettis går ut på; å gjere øvelsar til musikk. Men han burde kjenne meg betre enn å forvente saltrening i Skaratunet 2. Han har jo sett at det mora bedriv av fysisk aktivitet i heimen er 1. frenetisk skippertak rydding og 2. impulsiv dans til Beat for Beat på fredagskvelden eller 3.) sporadisk dans til fengande låtar på P3. Det blir ikkje mykje kaloribrenning av slik tilfeldig og ustrukturert bevegelse. Særlig fordi den fredagskveldrelaterte aktiviteten oftast er knytt opp til kose-oss-med-ekstra-god-mat-og-drikke konsum. Og rydding tel ikkje som trim, det er dei fleste skippertak-ryddarar enige om. Alt anna som foregår av fysisk aktivitet i min heime kan vel helst kallast skjermbasert eller i beste fall tastetrim.
Lystbetont
Derfor må eg UT for å bli noko i nærleiken av sunn og veltrent. Andre må vise meg kva eg skal jere og eg må ha det gøy. Det er slikt vi har instruktørar til. Den småironiske storesøstra har rett i ein ting; eg er ikkje nokon slitar som trenar konstant og med høgt ambisjonsnivå. Det får "gutta" i 40-åra med maraton eller Birken i sikte, slite med. Eg skal ha det gøy, det er ambisjonsnivå godt nok for meg. Eg har glede av trimmen og blir motivert av rask betring. Det funkar for meg :-) Men i kveld vart det berre konsum. Desto meir svetting til veka!
Anne, på ein laurdagskveld
Stadig meir wannabe sporty
Ergometersykkel?Ein kollega av meg, som forøvrig er ein utmerket person, med høg dannelsesfaktor (ja, eg er litt hekta på dannelse), fortalte tidlegare i veka at han har ein ergometersykkel i stova som han sit og trør på medan han ser tv. Men det var visst blitt litt lite av det etterkvart, for det var så kjedeleg. Det kan eg levande forestille meg. Sjølv har eg rett og slett ikkje disiplin til å styre noko som helst treningsaktivitet i eiga stove.
Foto: På veg til Skåla i august 2008. Den sommaren og hausten vart det mange turar i skog og mark, i år har det vore lite. Først og fremst på gunn av veret. Desto meir innetrening.
Fredagsdans
- Kvifor må du gå ut og trene mamma, kan du ikkje berre gjere dei same øvelsane her heime, spurte ein av mine håpefulle. Han har fått ein viss insikt i kva friskis og svettis går ut på; å gjere øvelsar til musikk. Men han burde kjenne meg betre enn å forvente saltrening i Skaratunet 2. Han har jo sett at det mora bedriv av fysisk aktivitet i heimen er 1. frenetisk skippertak rydding og 2. impulsiv dans til Beat for Beat på fredagskvelden eller 3.) sporadisk dans til fengande låtar på P3. Det blir ikkje mykje kaloribrenning av slik tilfeldig og ustrukturert bevegelse. Særlig fordi den fredagskveldrelaterte aktiviteten oftast er knytt opp til kose-oss-med-ekstra-god-mat-og-drikke konsum. Og rydding tel ikkje som trim, det er dei fleste skippertak-ryddarar enige om. Alt anna som foregår av fysisk aktivitet i min heime kan vel helst kallast skjermbasert eller i beste fall tastetrim.
Lystbetont
Derfor må eg UT for å bli noko i nærleiken av sunn og veltrent. Andre må vise meg kva eg skal jere og eg må ha det gøy. Det er slikt vi har instruktørar til. Den småironiske storesøstra har rett i ein ting; eg er ikkje nokon slitar som trenar konstant og med høgt ambisjonsnivå. Det får "gutta" i 40-åra med maraton eller Birken i sikte, slite med. Eg skal ha det gøy, det er ambisjonsnivå godt nok for meg. Eg har glede av trimmen og blir motivert av rask betring. Det funkar for meg :-) Men i kveld vart det berre konsum. Desto meir svetting til veka!
Anne, på ein laurdagskveld
Stadig meir wannabe sporty
onsdag 16. september 2009
Treningsiver
Kor ofte bør ein trene? Altså med tanke på å kome i bra form, men ikkje overdrive. Eg trener i sal, til musikk, ein time tre gonger i veka. I helga vart det fjelltur og mandag både tur og trening (ein flott dag!). Men er annakvar dag passelig? Du vil sikkert svare at det er individuelt og at det kjem an på kva ambisjonsnivå ein har. Mitt er middels pluss. Det vil seie, kjenne meg i betre form, og få litt meir kondis. Men bør ein ta hensyn til at ein ikkje har trent noko særlig på lenge og legge lista litt langt ned i starten? Eller bør ein heller strekke seg så langt ein kan og presse seg sjøl? Akkurat no er motivasjonen på topp, men det kan jo endre seg med feil strategi... Tips frå dei treningsvante der ute?
søndag 13. september 2009
Sunnfjord er vakkert!
No skal eg gjere noko så sjeldan som å lovprise Førde og Sunnfjord. Eg har nemleg hatt ein god dag her i hjarte av fjordfylket!
Dette er utsikt frå Eikåsnipa mot Jølster. Var det nokon som sa at Sunnfjord er kjedeleg? Ikkje det nei, det er bra! For landskapsmessig er det slett ikkje sant, Sunnfjord er heller pent på ein avdempa måte. Dette fogderiet er den smålåtne av dei tre fjordsøstrene. Sunnfjord er blitt slik av ligge midt mellom dei to glitrande og sjølvhevdande fogderia i nord og sør. Sogn breier seg med Norges lengste fjord og spektakuære syn frå yst til inst. Medan Nordfjord er vakker lunefull vest i havet og iskald dramatisk inst i breheimen.
Foto til venstre: Min turkamerat såg denne utsikta og slo fast at "Førde er fint!". Han utdjupa med at det er skilnad på sentrum med "litt lite parkar og sånt..." og området rundt, som var det eigentleg fine.
Han er ein representant for den oppveksande generasjon, som altså ikkje har den historikken og fordommane vi vaksne har.
Så kanskje smålåtne Sunnfjord snart bør begynne å bli litt stolt av seg sjølv og tore å stå fram med sin identitet slik søstrene i nord og sør er så gode på.
I morgon skal eg på støylstur i Jølster, med elevane "mine", ein såkalla Fjelldag. Gler meg til det!
Dette er utsikt frå Eikåsnipa mot Jølster. Var det nokon som sa at Sunnfjord er kjedeleg? Ikkje det nei, det er bra! For landskapsmessig er det slett ikkje sant, Sunnfjord er heller pent på ein avdempa måte. Dette fogderiet er den smålåtne av dei tre fjordsøstrene. Sunnfjord er blitt slik av ligge midt mellom dei to glitrande og sjølvhevdande fogderia i nord og sør. Sogn breier seg med Norges lengste fjord og spektakuære syn frå yst til inst. Medan Nordfjord er vakker lunefull vest i havet og iskald dramatisk inst i breheimen. Sunnfjord derimot har bølgande landskap, innbydande fjell og støylar. Landskapet her er tilgjengeleg. Det inkluderar fleire, eller sagt på ein annan måte, det er lettare for folk flest å kome seg til fjells.
I fjor gjekk eg på ei rekkje støylar i Jølster, både ettermiddag- og kveldsturar, dagsturar og småturar på jakt etter bær og sopp. Dei fleste stader er det lett å kome til, finne parkering og merkinga
er god! Ære vere turlaget :-)
er god! Ære vere turlaget :-)I dag gjekk altså Martin og eg på Eikåsnipa. Eg har lengta i fleire veker etter ein slik tur. Det er også eit ledd i "treningsprogrammet" mitt. Det vart ein flott dag! Ikkje berre trim, fin naturoppleving, storslått utsyn, men òg kantarell som tilleggsbonus. Det hadde eg ikkje venta å finne på denne turen. Middagen inntok vi i det fri, laga ved hjelp av stormkjøkken og enkle råvarer.
Foto til venstre: Min turkamerat såg denne utsikta og slo fast at "Førde er fint!". Han utdjupa med at det er skilnad på sentrum med "litt lite parkar og sånt..." og området rundt, som var det eigentleg fine.Han er ein representant for den oppveksande generasjon, som altså ikkje har den historikken og fordommane vi vaksne har.
Så kanskje smålåtne Sunnfjord snart bør begynne å bli litt stolt av seg sjølv og tore å stå fram med sin identitet slik søstrene i nord og sør er så gode på.
I morgon skal eg på støylstur i Jølster, med elevane "mine", ein såkalla Fjelldag. Gler meg til det!
Abonner på:
Innlegg (Atom)